UTVIKLE PRODUKSJONSUTSTYR
I samband med produktutvikling av kubbegolvet, er det trong for å auke kunnskapen om prosessar, produksjonslinje, økonomi og klimagassutslipp. I samarbeid med forskarar og VILL OPP AS er det definert eit overordna forskningsspørsmål med tre underliggande problemstillingar som vi ynskjer å finne svar på i eit forprosjekt. Det overordna spørsmålet er:
Korleis kan ein industrialisere kubbegolvproduksjon og kvalitetssikra variablane i treverket gjennom heile verdikjeda?
Timbla vil delta i forprosjektet med mellom anna utvikling av produksjonsutstyr for industrien.