TRESORTAR

Under finn du litt informasjon av dei treslaga vi nyttar mest i vår produksjon

Villmann benkeplate natur Alm

Alm

Alm er eit lauvtre i almeslekta. Almen kan bli opptil 40 m høg, og har grå bark som på eldre trær gjerne sprekk opp. I nyare tid har almen blitt alvorlig trua av «almesyken». Denne sjukdommen, som skyldast ein soppart, har nærmast utradert almen frå store delar av kontinentet.

Alm er eit ettertrakta treslag innan møbel- og interiørproduksjon, brukt både som massivvirke og finer. Almevirket er formstabilt og har god holdbarheit mot soppnedbrytning. Alm blei tradisjonelt gjerne brukt i bygg nær og i vatn som vannrøyr, vatnhjul og i skip. 

 
 

Ask

Som trevirke er ask nytta innan framstilling av møblar, innreiingar, parkett, men og til skaft på reiskap og årar. Asken sin ved er sterk, hard og seig og har særlig god brotstyrke ved sjokkbelastning. Dette gjer at ask eignar seg godt til reiskap og verktøyskaft, spesielt til slagverktøy. Tidligare blei ask og brukt til ski og meiar på grunn av treet sin seigheit og styrke. Det er eit lyst materiale med grov struktur, pene store årrings-tegninger i tangentielt skåre virke, og ganske rettlinja med 3-4 mm årringsavstand i radielt skåre virke. Ask er litt utsatt for mørkere flekker: falsk kjerne. Virket har ellers ingen synlig kjerneved, men er einsarta i farge. Ask er eit varmekjært treslag som får best vekst på djup, kalkholdig og moldrik jord med frisk fuktighet.

 

Eik natur Høvding spisebord

 

Eik

Trevirke av eik er sterkt og hardt og vert brukt mykje til bygningskonstruksjonar, golv og møblar. Eikeveden er svært motstandsdyktig mot råte. Den vakre strukturen og fargen har gjort den til det mest populære treslaget i produksjon av parkett. Det finst ogå laminatgolv med eit mønsterskikt av melamin som etterliknar treslaget sin strukur og farge, men som ikkje inneheld virke fra eik. Veden er gylden med nyansar av gult og lyst brunt, nokre gonger også med svak antydning av raudt. Tidligere var eiketrær svært ettertrakta til skipsbygging og eikebestanden i Norge blei derfor hardt beskatta fram til 1900-tallet.